Kjære Fritext

Dette er min kommentar til Fritext.blogg.no's innlegg om yngre bloggarar og ungdom generelt. Du finn innlegget her: http://fritext.blogg.no/1277941079_utfordring_til_unge_b.html

Neei, Fritext, nå MÅ eg leggje inn ein litt hissig kommentar.

Som ein av meir enn ein handfull, ser det ut som...
Saken er den (som eg alt har poengtert på min eigen blogg som svar på din kommentar): Det finst mykje trash her på blogg.no. Altfor mykje trash. Men det finst òg ein god del gode bloggar her. Og det finst faktisk fleire regelrett fantastiske bloggar her òg, enn om dei er i mindretal. Nokre av desse gode bloggane omhandlar sminke, fashion etc. Jo, det er mange elendige slike bloggar òg, men du tek feil når du seier alle er elendige. (Og merk deg at det er sjeldan eg seier at folk har regelrett feil.) Det finst andre gode bloggar enn sminkebloggar òg, blant anna filosofibloggar, bloggar til fantastiske poetar, musikkbloggar som kan analysere musikk betre enn ein musikkanmeldar for The Rolling Stone Magazine, og det finst nokre magikarar av personlege bloggarar.

Eg forstår deg når du ikkje er interresert i slike typar bloggar som eg har nemt ovanfor, i alle fall ikkje alle, men det finst andre som er det. Å seie at alle ungdomsbloggarar er elendige vil vere spottande ovanfor meg (fordi du har fortalt meg at eg er ein av dei få gode) samt ein heil del andre gode bloggarar. Eg forstår òg at du er frustert over slikt, men tenk på dette: Du var ungdom på 80-talet. Spør du meg (og mor mi på 44) så var 80-talet forferdeleg i form av både stil og musikk, for ikkje å nemne permanenten. Og ifølge alle mine fire besteforeldre var ungdommen like håplaus då, om ikkje verre. Ja, nokre av dei mest håplause ungdommane frå 80-talet har nok endt opp som den ikkje beste kniven i skuffa, men langt ifrå alle. Var du like eksemplarisk i dine ungdomsår?

Ja, nokre ungdommar i dag vil eg òg plassere i kategorien "meir eller mindre håplaus", men eg ser òg mange som er mykje meir enn sminke og fancy klede. Eg gler meg rett og slett til å sjå dei igjen om 10-15 år for å sjå korleis dei har endt opp og modna. Og eg gler meg nok kanskje òg litt (i skjul sjølvsagt) til når dei håplause vert vaksne... Men det er no så.
Uansett, ja, det finst mykje rart ute i bloggverda. Likevel er ikkje alle like håplause. Blogg.no-plattformen er nok ikkje den aller beste og mest "fantastiske" plattformen i verda, og ho inneheld nok ikkje verdas beste bloggar (iallfall ikkje så mange), men ho er nå overlevandes. Elles går det heldigvis an å trykkje på tilbake-knappen i nettlesaren din for å sleppe dei verste tilfella av fjortissyndrom som har fått fritt spelerom på verdsveven, eller hur?

Lykke til med å finne deg meir interessante bloggar, Fritext! Og så kan me vel godte oss over dei håplause over ein kaffe om 15-20 år? Fram til då: Når du finn ein feil med notidas samfunn, leit på same tid etter feil med samfunnet då du var medlem av same aldersgruppe som du kritiserer. God filosofitrening er det òg!

Som du ser har eg ein litt annan haldning til heile tematikken enn Fritext... Men me har no mykje felles verdiar elles, trass aldersforskjellen. Likevel, avogtil har eg behov for å irettesettje menneske, så denne gongen vart det deg det gjekk utover. Eg håpar uansett at andre òg finn nytte i kommentaren, og valgte difor å leggje han ut her istaden.

Forvirra?

Berre nokre spørsmål:

Har du problem med å forstå kva eg meiner? Kan eg av og til bruke rare, framande og uforståelege ord? Gir du av og til litt opp i å forstå kor eg vil hen med det eg skriv? Er eg rett og slett litt forvirrande?

Er eit eller fleire av svara på spørsmåla 'ja', ikkje uro deg. Men les vidare. Eg har moglegens ei løysing. Og løysinga er som følgjer: Spør. Er det noko du ikkje forstår, så spør meg. Kommentar, melding her på blogg.no eller via e-mail til jenta-som-er-meg@hotmail.com. Då kan eg prøve å forklare det som er uklart.

Spørsmål generelt er svært koseleg. Eg er jo rar, så ver forberedt på det, men kan vere interessant. Men ja, spør om du lurer på noko.

Innleggets spørsmål er der allereie. Kva gjer det at eg er forvirrande? Er eg forståeleg?

No Homo

Jaudå, eg stel (sjølvsagt) tittelen til denne YouTube-videoen av geniet Tessa aka meekakitty. Men poenget er så bra, sjølv om det gjerne ikkje vert brukt i like stor grad, eller i alle fall ikkje på nett same måte, her i Noreg. Homofobi er likevel altfor vanleg blant menneska òg her. Så, som eit lite blikkast på temaet 'homofili', seier eg berre versågod!



Meekakitty finn du her.

Tenk over kva det eigentleg betyr å seie "Seriøst, du er *så* gay, Eirik". Kva er det meininga å seie? Kva seier du eigentleg? Kva er eigentleg forskjellen mellom legning og uttrykk for stereotypiar?

Når tok du sist i bruk ordet 'homo' eller 'gay'? I kva setting? Var det ei god beskriving?

Å forstå

"Alle religionar og livssyn har ein viss moral og etikk. Moralen og etikken varierer ofte ein god del mellom religionane, men det er òg vanlig med skil innad i religionane. Desse forskjellane er noko av det som plar dele opp religionar i ulike retningar, som i kristendomen som eg tidlegare har gitt eksempel på. Retningane har ulike tankar om kva som er rett og gale, og kva som er akseptabelt og ikkje. Litt forskjellig ideologi, rett og slett. Et av mange eksempel er sølibat i prestegjerninga, skilsmisse og homofili. Slike tema er ofte elska og hata å diskutere på same tid. Dei kan skape konfliktar mellom konservative og meir liberale kretsar, og ryste mange når ulike argument kjem på bordet. Som meir konservative kyrkjer plar den katolske og ortodokse kyrkja vere skeptiske til endringar i moralen og etikken, mens protestantismen generelt sett har pleidd å vore meir liberal. Likevel, det finst både liberale katolikkar og konservative protestantar, så det er ikkje gitt at alle katolikkar hater homofile, mens alle protestantar meiner homofilt ekteskåp er heilt greitt."

Dette skal eg seia i morgon på RLE-eksamen. Det er vel i botn berre for å uttrykkje at me menneske er forskjellige og har ulike tankar og meiningar. Religion spelar inn på dette, men det må ikkje naudsynt vere heile grunnen til at du meiner det du gjer. Er det religion som formar menneske, eller menneske som formar religion? Er det bra eller dårleg å ha like tankar?

Korleis styrer du dine etiske tankar? Eller styrer du dei i det heile?

Alt og ingenting

Livet består av mykje. Er ikkje liva våre eigentleg alt? Eller er vi eignetleg ingenting for denne verda? Kven er vi noko for? Kva er alt? Kva er ingenting?

I dag er eg filosofisk. Det er jo positivt, det. For meg i alle fall. Resten av verda, de som består av "alt", vil kanskje meine eg berre er rar og uforståeleg. Det er no så. Det filosofiske meg vil no via eit heilt innlegg til alt og ingenting. Eller, dette alt og ingenting er eigentleg ein konkurranse. Jaudå. Ein konkurranse laga av Jenni, aka. http://www.ponnijenni.blogg.no/. Som omhandlar alt. I foto, altså.

Sidan dette innlegget er filosofisk og retta mot Jenni sin konkurranse, er hennar ord lov. "Bildet må minst lastes opp i 600px - Du må ha tatt bildet selv, og det er ikke lov med manipulering - Det er lov å delta med max 3 bilder - Du laster opp bildet/bildene på bloggen med link til dette innlegget, også sender du innlegget ditt med bildet/bildene til meg i kommentarfeltet her - Tekst under bildet/bildene er bare fantastisk, do it." Slik lyder Jenni's ord. (For dei av dykk som er inni kyrkjelege ritual mm. forstår no at eg referer til korleis ein les opp ifrå Bibelen. For de andre: Fortel meg at eg skal læra dykk om kristendomen om det er interesserte.)

Uansett, her kjem bileta:



Livet trengjer gjennom teppet av gras. Eg ser lyset!





Du stengjer meg inne. Sola skin. Verda ser ut til å berre vere. Eg vil ut. Kun ei glasrute skil meg og allting.



Kvar grein er ei grein for seg sjølv. Men eit tre er ikkje eit tre utan fleire greiner. Blommane strekkjer seg ut, langt vekk frå sitt opphav. Verda er der ute, men greinene har skapt si eiga verd. Treet er livet. Livet er alt. Treet er alt.

Spanande... Eg vurderer om eg skal leggje inn litt kunst og liknande her på bloggen óg. Men eg er ikkje heilt sikker. CreativityNaked, YouTube-accounten min, består av kunst. Då for det meste musikalsk kunst og bileteansamlingar. Når eg tenkjer etter må eg seie at eg faktisk trur at å samle kunsten og dei skriftlege tankane eg har her kan vere ein god idé. Og eg ser på tekstane mine som eit av mine mange kunstuttrykk, om det er fiksjon, hardbarka opplysning, filosofi eller galskap tekstane inneheld.

Kva er alt? Kva er forskjellen på alt og ingenting? Kan alt og ingenting vere det same?

Fritidsproblem...

...er noko eg ikkje har nett no. Eller, eg vel kanskje heller å gjere andre ting enn å skrive innlegg på ein blogg med 30 lesarar (pluss, minus altså). Fritid er noko spesielt, det... Er det ikkje litt rart at me ei viss tid kanskje ikkje gjer noko som helst, fordi det er fritida vår? Vel, nokre er jo veldig aktive på fritida, men det er no ikkje slik fritid eg tenkjer på. Fritid ? ei fri tid kor ein ikkje treng gjere noko. Og det er noko eg har hatt svært lite av i det siste.

Eksamen er overstanne. Lærarar før og i løpet av eksamensdagen er ganske interessante objekt innan forskning på samfunnspsykologi og korleis samfunnet reagerar på ein andel av medlemmane i samfunnet sitt stressnivå. Det vart ein lang og komplisert setning. Forsto du det? Dei er rare, det var vel det som var poenget mitt. Men det er no så. Likevel, om eg skal skrive ein masteroppgåve om samfunnspsykologi og/eller samfunnspåverking, då skal eg mest garantert bruke lærarar under eksamen som eksempel. Snork...

Eg har ikkje kome til så langt å fortelje deg kva eg kom opp i. Vil du gisse? Det er 1/3 sjanse (tilnerma lik 33%, eller 0,33) for at du klarar å gisse kva fag eg kom opp i. Norsk, matematikk eller engelsk?

Vel, eg har lova ei veninne (Hei ti deg!) å lære henne litt om psykoanalyse, sjølv om eg ærleg talt ikkje heilt sjølv er klar over kva eg gjer i ein slik prosess. Men her kjem det: Brøkdelen eg siktar til i forrige avsnitt er ikkje heilt korrekt. Fordi, som du (og forhåpentlegvis alle andre) veit er det slik at sannsyn(-lighet) ikkje berre går ut på akkurat kva sjansen er for det og det. Eg vil tru det var omtrent 33% sjanse for at eg kom opp i det faget eg kom opp i. Likevel, når du skal gisse kva fag eg kom opp i av norsk, matematikk og engelsk, må du sjå på andre teikn og oppfatningar du har/hadde fått av meg og av omverda rundt meg. Vanskeleg?

No, sjå på det eg skreiv i dei to førre avsnitta. Kva byggjer eg teksten på? Sannsyn. Kor høyrer sannsyn heime? I matematikken, sjølvklart. Forstår du? Stopp litt og tenk etter.

Det finst fleire faktorar (her kom matematikken inn igjen (psykologi og matematikk delar faktisk nokre trekk (som alt anna her på jorda))). Om du hadde kjent meg, kan du kanskje sjå føre deg kva eg kom opp i når eg svarar på spørsmålet om eg er klar til eksamen. Alt ifrå toneleie til ansiktsuttrykk, samt kva eg legg vekt på å få med meg av informasjon i det eg seier til deg. Rett og slett heile kroppsspråket ditt og kva du prøver og ikkje prøver å uttrykkje. Til saman får du eit eller fleire bilete, senario og tankar, og du kan byggje teoriar utifrå dette.

Hovedgreia med psykoanalyse er å forstå og tolke det du får inn av informasjon. Det er utruleg kor mykje hjernen din og min oppfattar kvart sekund, i kvar einaste situasjon, kvar dag. Kanskje har nokon forandra hårfargen sin, eller byrjer å seie noko heilt nytt. Er veremåten endra? Det er slikt ein legg vekt på, og til slutt blandar ein det med tidlegare erfaringar og får ei meining utav det.. Men det er vanskeleg, det er sikkert. Men det kan òg vere svært lett. Trening gjer mykje. Og erfaringar. Å få med seg mykje av livet generelt er noko ein tener sterkt på, på mange måtar. Dette er eit av dei områdene slikt spelar ei positiv rolle.

Ja, det kan rett og slett høyrast forferdeleg vanskeleg ut. Men om du tenkjer etter, gjer du det kvar dag. Det er berre slik at du ikkje tenkjer "No skal eg psykoanalysere han, ho eller deg". Du legg berre merke til ting over tid. Kanskje har ein ven av deg plutseleg gått ein heilt annan veg, og du byrjar å leite etter svar på kvifor noko slikt skjer. Treng personen merksemd? Er det eit sakn i personen? Søkjer personen etter respekt og toleranse? Har det skjedd noko heime?

Kjenner du deg igjen no? Er det forståeleg? Eg vil veldig gjerne at du seier ifrå om du forstår, eller om du ikkje forstår. Det er mykje som kan skrivast, men det kan vere vanskeleg. Eg har verkeleg funne nett dette litt vanskeleg, men det går no, i alle fall for meg. Men for meg er det enno viktigare at du forstår. Så, what you think?

Vil du bekjempe eit problem om du meiner det skal vere der? Kva er fritid til for?

Sjølvmord

Føler du av og til at livet ditt berre er drit? Kva er det som gjer livet ditt så dårleg? Har du nokon gong tenkt over kva det vil seie å leve? Om den beste vennen din forsvinn, kva skjer då? Vil du gjere slutt på alt?

"Eg... Av og til får eg lyst til å berre forsvinne ut av denne verda. Liksom, ikkje vera til lenger," fortalte eg ein gong ein mann som skulle hjelpe meg ut av elenda eg etter kvart hadde klart å skape rundt meg sjølv grunna legninga mi. I nett den augneblinken tenkte eg at det var ein veldig dårleg formulering av at eg hadde lyst til å enda livet mitt, men eg forstår kvifor eg sa slik eg sa.

Det er skremmande, det der. Som menneske har me eigentleg veldig mykje makt. Kanskje me av og til har meir makt enn kva som er godt for oss. Og nokre, 505 personar i Noreg i 2008, vel å bruke denne makta til å endre sitt eige samt andres liv ved å ta sjølvmord. Er det få eller mange? Vel, det er ein svært litan prosent av Noregs befolkning. Likevel, dødsfall råkjer mange fleire enn berre dei 505 som tok sjølvmord i 2008. Og det vil vere med dei berørte i lang tid framover.

Kvifor vel folk å ta sjølvmord? For ein heil del menneske kan det å gjere slutt på si eiga tid vere rart og uforståeleg. Dessverre er det likevel ei gruppe menneske som ber på desse tankane. Du, eg eller naboen er kanskje ulukkeleg forelska, har mista nokon, sørgjer over ei hending eller ber på ein stor løyndom. Og til sist; du ser ikkje endinga på ulukka. Det gode du ein gong hadde er vekke, og du kan ikkje forstå at problema dine skal forsvinne eller verta svakare. Alt ser rett og slett svart ut.

Korleis ville du følt deg om ein nær ven, mor di, favorittlæraren din eller den koselege naboguten i det vakre, gule huset i enden av gata vel å ikkje vere her lengre? Kva om bror din betrur seg til deg og fortel deg at han har tenkt ut ein måte å ta sjølvmord på, og ber deg fortelje familien? Kva ville du tenkt, følt, meint og spurt deg sjølv om? Er det min feil?

Som ved andre vanskelege hendingar taklar me negative følelsar ulikt. Nokre stengjer seg inne, andre let som ingenting. Kanskje er du den som sit og gret i dei lange nattetimane. Kanskje vel du å undertrykkje følelsane dine i fleire tiår før du i det heile tør å sørgje. Me er ulike menneske. Men det eg vil seie med sikkerheit, er at me alle sørgjer. Nei, det er ikkje synleg på alle, og i ulik grad, men me sørgjer uansett. Familiar som opplev at nokon tek sjølvmord kan verta splitta og mister kontakten. Andre får kanskje ein mykje betre kontakt etter ei slik hending. Nokre får nye venner midt i sorgprosessen. Det finst til og med eksempel kor menneske har vorte forelska i kvarandre som eit resultat av at nokon nær har teke sitt eige liv. Drastisk?

Opplev du sjølvmord i din sosiale krets, opplev du endring. Plutseleg er ikkje den gode venen din der lenger. Og enn kor mange gonger du leitar med blikket over parken kan du ikkje sjå far din sittande under treet lengre. Det vert skapa ei endring, ein revolusjon. Kanskje får du eit nytt bilete på omverda, kanskje lærar du noko nytt om deg sjølv. Uansett kva; noko forandrar seg. Både i positiv og negativ retning.

Ja, det er mykje som kan seiast om eit så alvorleg tema. Mykje fælt og negativt. Men poenget mitt er ikkje at eg vil gje deg ein lekse. "Sjølvmord er berre negativt" er eit utsagn eg ikkje vil stille meg bak. Nei, det finst heller lite positivt med sjølvmord, men eg er av den oppfatning av at verda ikkje er så svart/kvit at ein kan seie at noko er bestemt slik eller slik. I matematikk finst det A og B, men det finst òg AB. For verda er full av fargar, eller kva? Sjølv fargeblinde ser fargar, men dei formast på ein litt annan måte enn hjå dei med fullt fargesyn.

Til sist vil eg seie dette: Sjølv om det ikkje er mange som tar det skrittet å ta sjølvmord, er det likevel mange som tenkjer dei same tankane. Men slikt er tabubelagt i vårt samfunn, slik at det sjeldan kjem fram i lyset. Alle får ein eller annan gong lyst til å berre søkkje ned i sofaen og forsvinne ei lita stund. Det betyr ikkje at du ikkje skal tenkje over om du har slike negative tankar som kjem oftare. Føler du at tankane dine tar litt overhand er det alltid mogleg å snakka med nokon. Du kan faktisk til og med skrive. Eg skal leggje ved nokre lenkjer til deg til slutt som du kan nytte om du føler for det.

Dessutan har eg eit lite tips til deg ("lånt" av min "samtalepartnar" for eit halvt år): Førestill deg at du ligg ute og ser på skyene som flyr over himmelen. Somme er store, andre er små. Av og til kjem skyane i "feil" bane, slik at dei skuggar for sola. Tenk deg at alle tankane du har er slike skyer. Nokre er berre fine å sjå på, mens andre kan skape kalde og negative periodar. Når du får ein negativ tanke som skuggar for sola, prøv å lete ho fly over himmelen i takt med vinden, nett slik som dei andre skyene. Slike tankeeksperiment krev øving, men er uvurderlege hjelpemiddel når du har ein dårleg dag. Ja, og gjer noko du synest er kjekt. Rart, men det fungerar.

No, har du lært noko? Det er Sunniva lærar og psykolog som er i virke i dag, om det ikkje var sjølvforklarande. Prøv deg med slike tankeeksperiment (ikkje naudsynt den eg beskreiv ovanfor), og let meg få høyra idèar, tankar og resultat. Og slapp av, du er like unormal som resten av oss. Det er alltid rom for bekymring, men det finst òg ei grense for kor mykje du skal bekymra deg.

Har du for mykje makt?

Ansvar

Eg har skrive frå meg mange oppgåver i mitt 15 år lange liv. Er det eigentleg meininga at me alltid skal ta på oss alle moglege oppgåver ? akseptera alle tilbod? Eller skal kvar og ein av oss sjølv sjå våre oppgåver? Er det i det heile tatt mogleg? Viss ikkje, mistar me ikkje då noko av fridomen vår?

Kvar dag opplev me menneske at nokon fråskriv seg ansvar, og det så er ein sjølv eller andre. Det kan vere frå små, men irriterande, ansvarsområde, som når ein person ikkje held eit løfte. Men det kan òg omhandla mykje meir alvorlege emne. Eit eksempel på slik alvorleg ansvarsfråskriving kan vere når nokon vil bryte kontakten, og ikkje lenger forholda seg til andre som står ein nær.

Som homofil har eg kjend på eit slikt problem. Og eg veit om mange andre, både "normale" og "unormale". I henhald til legning og mange andre tabubelagde område kan situasjonen arta seg slik at vener eller familie vil bryte kontakten. "Du er slik og slik, og difor vil eg ikkje lenger ha noko med deg å gjere." Har du nokon gong fått ein liknande kommentar retta mot deg? Eller har du uroa deg for ein slik kommentar? Kanskje har du aldri tenkt over det før. Korleis trur du det då ville vore å oppleve noko slikt?

Kven sitt ansvar er det å prøve å overkoma problemet om det ein gong skulle oppstå? Forestill deg at du nettopp har oppdaga at du har vorte gravid. Du kjem frå ein streng religiøs familie kor sex er noko som tilhøyrer ekteskåpen. Som sekstenåring og ugift veit du at du absolutt har begått synd. Kva vil familien din seie? Og kva gjer du eigentleg no? Abort? Adopsjon?
Til slutt må du fortelje familien din at du er gravid. Du vil ikkje ta abort ? det er trass alt eit born inni magen din. Ein abort går absolutt imot ditt etiske ståsted. Du må bere fram bornet.
Far din rasar, kjeftar og skrik åt deg som du aldri før har høyrd han gjere. Han forlanger at du skal pakke saman sakene dine og flytte ut på dagen. Du står åleine, gravid og utan pengar og bustad. Kva gjer du no?

Nei, det er absolutt ikkje eit urealistisk scenario. Det kan skje mange i dette landet, dessverre. Kva gjorde faren? Han skreiv ifrå seg ansvaret. Positivt? Negativt? Vel, dine tankar om nett det varierar alt etter religiøs og etisk bakgrunn, familie, lokalsamfunn, kulturen og subkulturen du tilhøyrer. Kanskje har vi ei eiga medfødd morallov òg? Kven veit... Uansett er det viktig å stille spørsmål ved konsekvensane av kva ansvar du tar og ikkje tar. Er dette rettferdig? Kva med dei andre involverte i situasjonen? Still det nokon negativt?

Me har alle ansvar ovanfor oss sjølv og andre. Nokre er viktigare enn andre, sjølvsagt, men det er ikkje alltid like lett å bedømme. Og ingen er slike supermenneske som kan gjere alt, alltid. Kva er rett, og kva er gale? Kvifor klarar me ikkje alltid det me vil?

Kva er ansvar?

Lat alle borna kome til meg

Me har mange meiningar, som eg har impregnert hjernane til dykk lesarar med litevetta allereie. Meiningar er viktig. Dei formar oss ? gjer oss karakteristikk. Men ikkje alle gjer like sterkt uttrykk for meiningane sine. Er du tøff nok?

Joda, eg har sagt at eg skal vere særs vag på denne bloggen. Det skjedde ikkje angåande dette innlegget. Det er ei drøftingsoppgåve i Religion, Livssyn og Etikk frå 10. klasse som går ut på å diskutere misjon samt kome med dine eigne meiningar. Og når nokon ber meg om å gje mi meining, då vert ho òg ei krass meining. Så vær barmhjarteleg med meg angåande å fremma mine meiningar mykje. Eg vil fortelje ei historie denne gongen, og ikkje naudsynt drive med direkte tankespel.

Før du les mine meiningar, tenk igjennom dette: Kva tyder religion for deg? Kva legg du i begrepet å tru? Kva tenkjer du er misjon? Korleis meiner du det er med å drive med misjon? Lat tankane spela fritt. Det er då du veks.

 

 


Misjon

Vi menneske ser på misjon på ulike måtar. Personlege erfaringar og kunnskap er noko som påverkar meiningane våre. I henhald til misjon har eg eit negativt syn.

For det fyrste har misjon påført veldig mange menneske mykje vondt. Det mest kjende eksempelet på dette er korleis situasjonen i bla. Afrika var/er angåande raseskil. Apartheidpolitikken førte til at dei etnisk afrikanske vart utsett for påtving av kultur (og då òg religion), og dette byggja opp om at kvite skal vere betre enn svarte. Dessverre finst det òg fleire og nærare eksempel. Menneske her i Noreg slit òg med misjon i heimen, lokalsamfunnet og på skulen. Dette skapar store mentale problem hjå delar av befolkninga, og menneska som slit med ?lokal? misjon er mange. Sjølvmordsproblem, mindreverdskompleks og tvangstankar er blant desse problema. Sjølv om dette gjerne ikkje er like synleg i storsamfunnet, er det ein sentral del i mange nordmenns liv. Dette er noko eg mislikar sterkt, og er ei av hovudgrunnene til at eg ikkje tykkjer om misjon. Tvangstankar og liknande overskukkar i mine auge det positive misjon har skapa.

Det er sant at det har kome mykje godt ut av misjon òg. Små etniske grupper har fått eit skriftspråk, og millionar av menneske har fått grunnskuleutdanning. Men har dette noko med religion og misjon å gjere? I grunnen ikkje, men samstundes som born har fått gå på skule, har dei blitt opplærd i ein bestemt religion. Likevel, det er fullt mogleg å byggje/drive skular og drive hjelpearbeid utan religiøs innverknad.

Eit anna aspekt ved nett dette er at ved eit slikt tillegg av religion er det lett å læra opp menneske i ein viss religion. Dessverre er det mykje vanskelegare å undervise om religion, og slikt ser ein òg her heime i vårt eige skulesystem. Eg ser på blandinga av hjelp og religion som negativ fordi ho sjeldan gir fridom. Opplæring i og om er to ganske nære ting, men resultatet kan verta vidt forskjellig. Diverre er resultatet av opplæring i religion oftare negativt enn når ein lærar om religionar.

Sjølv om eg er negativ til misjon, ser eg kvifor mange religiøse gjer nett dette. ?Tryggleik for deg er tryggleik for meg? er gjerne ein tanke som har kome til mange misjonerande. Mine personlege opplevingar når det gjeld misjon er dessverre mest berre negative, og eg har då vanskelegare for å sjå det positive i misjon. Men eg veit at det finst gode historier. Det gjeld berre å bli utsett for dei, og å oppleve dei på kroppen.

Ein skal ikkje nekte nokon fridom. Dette gjeld både for dei misjonerande og dei som vert utsett for misjon.



 

 

No, kva tenkjer du? Er du overbevist? Dessverre er denne meinigssamlinga ganske belærande, og ikkje heilt i samsvar med mitt utgongspunkt for denne bloggen. Men det får så vere. Me er ingen ufeilbarlege.

Kva gjer fasit for om noko er rett eller gale?

 

Min draum

Dei fleste av oss ynskjer så inderleg at noko anna enn verkelegheita skal koma. "Ein vakker dag" heiter det. Me har draumar og lengsler, kombinert med alle dei millionar av følelsar me alle går og ber på. Nokre av følelsane våre er synlege, andre er gjemt langt bak den maska me kvar dag ber.

Kor langt kan draumane og lengslene våre gå før me øydelegg for oss sjølve med tankane våre? Skal me alltid la tankane våre føre oss hen i verda?

Draumar kan vere svært komplekse. Se for deg at du ynskjer deg ein ny og fancy bil. Denne bilen du ser føre deg er ein røvar av ein "I'm so fabulous"-bil; merket får trygda til å skjelve i buksene når han passerar. Du vil ha raud lakk og avtagbart tak, slik at du kan sole deg i glansen. Sjølvsagt har du allereie ein bil, men det er ein heller kjedeleg 2003-modell av ein familiebil. Om du fekk nett denne draumebilen hadde du følt deg så mykje betre. Du vil sole deg i glansen, føle pengars makt. Men kva ynskjer du eigentleg i ein slik samanheng? Ein ny bil? Eller høg sosial status? Eller berre eit materielt gode?

Ynskjer kan dra oss langt. Kanskje ynskjer du å verta olympisk meister i skiflygning. Har du viljestyrke og pågangsmot nok kan dette ynskjet jage deg til topps på pallen. Eller om du har eit så stort ynskje å møte dei biologiske foreldrene dine. Ynskjer ein nok skal det mykje til for å stoppe ein. Når kan det gå for langt? Kva om du fell stygt i hoppbakken, men meiner sjølv at du heilt fint klarer å delta i VM om eit par veker? Du er hardt skada, og bør vere glad til at du overlevde fallet. Likevel ser du ikkje anna enn toppen. Farane er umoglege å sjå. Er det då rett å følgje draumen?

Draumar, lengsler og ynskjer kan ta deg med jorda rundt på eit fantastisk eventyr. Men det kan òg merke deg for livet. Når bør ein slutte å høyre på seg sjølv? Er det greit at andre grip inn og setter ein stoppar for det du har tenkt å gjere? Er det ikkje ditt liv?

Kven bestemmer over deg?
Les mer i arkivet » Juli 2010 » Juni 2010 » Mai 2010
Sunniva

Sunniva

16, Stavanger

Eg er meg sjølv. Er du?

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

hits